Se innlegg etter kategori

Er det verkeleg 1151 datafeil i F-35?

digi datafeil artikkelMåndag kunne me lese oppslaget over på digi.no. I følge ein rapport er det 1151 datafeil i F-35, nokre av dei kritiske.

Først av alt – stemmer dette? Nei, det gjer det ikkje.

Før eg går inn i fakta bak desse tala, så vil eg sei litt meir om kor dette kjem frå. Dette er enda eit oppslag som byggjer på DOT&E-rapporten som kom ut i januar, og som me har snakka om fleire gongar før. Den er ein av dei klassiske «gift that keeps on giving» for kritikarane, då den er full av detaljar om alt ein fann i testinga i 2014, og som lett vert teken ut av samanheng for å gje inntrykk av at det no går dårleg i F-35-programmet. Sanninga er noko meir nyansert, noko me har prøvd å få fram gjennom fleire innlegg på nettsidene våre:

Så kva er det som skjer med programvara til F-35?

Først bør me sjå på kva det er DOT&E-rapporten faktisk seier. Det digi.no snakkar om er henta frå side 50 i rapporten, og der det står at:

In June, the Program Office and the Services completed
a review of nearly 1,500 deficiency reports accumulated
since the beginning of testing to adjudicate the status
of all capability deficiencies associated with Block 2B
fleet release/Marine Corps IOC. The review showed that
1,151 reports were not yet fully resolved, 151 of which
were assessed as “mission critical” with no acceptable
workaround for Block 2B fleet release. The remaining
development and flight test of Block 2B will determine
the final status of these 151 mission critical deficiencies,
whether they are corrected or will add to the incomplete
development work deferred to Block 3F with the less
critical flaws.

Det første me bør legge merke til her er at dette var resultatet av ein gjennomgang av programmet i juni 2014, altså for snart ti månadar sidan – mykje er gjort etter det. Det neste er at dette kom etter ein gjekk gjennom «deficiency reports» knytt til programvareversjon 2B og første operative evne for det amerikanske marineinfanteriet (USMC) som var samla opp heilt frå testinga byrja i 2006. Det er altså ikkje berre datafeil, men merknadar rundt ting som ikkje fungerer som det skal i flyet – enten grunna datafeil eller andre ting . Av dei 1500 ein gjekk gjennom i juni var det 1151 som ikkje var endeleg avklart («fully resolved») og 151 av desse var rekna som viktige for dei oppdraga USMC skal kunne løyse frå sommaren av, og kor ein den gong (i juni 2014) enda ikkje hadde funne gode løysingar.

Etter dette har programmet jobba tett med både produsenten Lockheed Martin og USMC, og fleire av områda har ein fått gjort noko med. Mellom anna er det levert ei ny utgåve av støttesystemet ALIS, og nye utgåver av programvara i flyet. Trass i dette er det framleis enkelte områder der ein framleis ikkje har fått på plass løysingar, men ein har i staden funne ein veg rundt dette i korleis ein opererer flyet. Dette snakka sjefen for F-35-programmet, generalløytnant Bogdan med media om i mars. Her forklarte han mellom anna at:

«The 2B software increment that was planned to be delivered in June, for which the Marine Corps intends to declare IOC, will not have all the fixes of the deficiencies we’ve seen in testing over the last two months,» Bogdan said. «It will be able to do all the things the Marine Corps needed it to do for Marine Corps IOC. It just requires the pilot to do workarounds.»

Bogdan said the fixes to this issue will be in by the time the Air Force goes IOC in 2016.

F-35 kan altså framleis gjere jobben, og løysingane vil komme.

Me har lenge snakka om korleis programvare er eit av dei mest utfordrande områda i utviklinga av F-35, og dette er eit døme på kvifor. Det er eit svært samansett bilete, der over 8 millionar linjer med datakode skal integrerast med 14 tonn med hardware. Me vil heller aldri komme til eit punkt der programvara er 100% feilfri – det har me heller aldri fått til med dei F-16-flya me har i dag som har ei programvare som er langt enklare enn det me ser i F-35. Dette er framleis eit utviklingsprogram, det vil krevje mykje arbeid i åra framover, og det viktige er å halde fokus på den operative evna flyet skal levere. Perfekt vert det dessverre aldri – men me skal gjere det me kan for å få det så nært som råd er.

Og som Roar Thon i Nasjonal sikkerhetsmyndighet sa ganske treffande på Twitter:

Roar Thone datafeil twitter

Comments are closed.