Se innlegg etter kategori

30 000 flytimar – and counting!

Utvikling flytimer 2

Testinga av F-35 byrja i desember 2006, og i sist veke passerte heile flåten 30 000 flytimar. Som du ser i grafen over så veks dette talet raskare og raskare etter kvart som fleire fly vert levert (no er det over 120 fly på vengene.) Dette gjer at medan det tok sju år å nå dei første 10 000 timane tok det 11 månader å nå dei neste 10 000, og deretter berre åtte månader å nå dei 10 000 neste etter det igjen. Dette trass i at ein i fjor måtte redusere aktiviteten etter motorbrannen i fjor sommar fram til ein hadde fått justert motorane.

Så kor lang tid tek dei neste 10 000? Frå hausten av er det og norske flytimar i dette talet!

Comments are closed.