Se innlegg etter kategori

F-35 i bilete – to forskjellige måtar å tanke på

Dei to metodane F-35 kan nytte for å få drivstoff i lufta. A-modellen til venstre (samme som F-16) og B og C-modellane til høgre (probe and drogue)

Dei to metodane F-35 kan nytte for å få drivstoff i lufta. A-modellen til venstre (bom – samme som F-16) og B og C-modellane til høgre (probe and drogue)

Som mange sikkert veit så vert F-35 produsert i tre forskjellige utgåver. A-modellen er den me skal ha, og skal mellom annan erstatte F-16. B-modellen skal kunne lande vertikalt (STOVL) og C-modellen skal kunne ta av og lande på amerikanske hangarskip.

Det ikkje alle er klar over er at dei og nyttar forskjellige system for å få drivstoff i lufta. A-modellen nyttar det systemet som er på våre F-16 i dag, og får drivstoff gjennom ein bom som er montert i halen på tankflyet. Fordelen med dette er at ein kan levere meir drivstoff på mindre tid, og at bommen kan styrast inn kampflyet som skal få drivstoff, noko som gjer det enklare å fylle drivstoff om natta, og når veret er dårleg. Bakdelen er at ein må nytte store og spesialbygde fly, og at ein berre kan gje drivstoff til eitt fly om gangen. B og C-modellen nyttar eit anna system kjend som «probe and drogue.» Dette er det som den amerikanske marinen nyttar, og det vert og nytta av dei fleste flya som er bygd i Europa (inkludert Tornado, Eurofighter, Rafale og Gripen.) Fordelen her er at ein ikkje treng like store og spesialbygde tankfly – mellom anna kan eit C-130 transportfly nyttast i denne rolla – og at ein kan gje drivstoff til fleire fly på ein gong. Bakdelen er at ein ikkje kan levere drivstoff like raskt, og at det ofte kan vere krevjande for flygaren å treffe «korga» når sikta eller veret er dårleg.

Du finn fleire fakta om F-35 på www.kampfly.no

Comments are closed.