Skriving i framtidas skule

Ei gruppe forskarar og lærarutdannarar er for tida engasjerte i eit omfattande forskingsprosjekt med stor relevans for framtidas skule. (Tittel: Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning, også omtalt som Normprosjektet). Her arbeider forskarane tett saman med lærarar ved 20 skular for å betre elevane si skriving og lærarane sin vurderingspraksis i alle fag.

Bakgrunnen for prosjektet er kunnskap om at skriving som grunnleggjande ferdigheit i liten grad er tatt i bruk i dei ulike skulefaga, slik læreplanen føreskriv, og at norske elevar jamt over skriv innanfor eit ganske smalt repertoar, med overvekt av personlege tekstar. Skriving som læringsstøttande og læringsutviklande aktivitet vert ikkje utnytta godt nok, og skriving som rettar seg mot behov utanfor skulen, er lite utbreidd.

Skriving – nøkkelkompetanse for læring i alle fag

Normprosjektet byggjer på ei forståing av at skriftlege ferdigheiter er ein føresetnad for aktiv deltaking i eit tekstbasert samfunn. Prosjektet er forankra i velfunderte idear om at bruk av skriftspråket og ulike skriveaktivitetar skaper viktige vilkår for intellektuell utvikling og praktisk innsikt i fag (jf. literacy-omgrepet).

Med bakgrunn i dette vil skilnader i skriveferdigheiter blant elevane lett føre til vedvarande ulikskapar mellom elevgrupper. Barn med dårleg utvikla skriveferdigheiter vil få problem med å tileigne seg skulens kunnskapsinnhald gjennom dei åra dei går der. Dei vil ikkje kunne ta i bruk skriftspråket som ressurs for avansert læring på lik linje med språkleg sterkare elevar, og dei vil slite med å delta i viktige faglege aktivitetar.

Det er likevel ikkje slik at berre elevane skriv, så vil det utan vidare resultere i personleg og kunnskapsmessig vekst. Det heilt avgjerande er kva skrivinga vert brukt til, og måten skrivinga vert forankra på i fagets eigenart. Kvart fag har sine diskursar, sine ”typiske tekstar” og sine måtar å uttrykkje seg på. Å tileigne seg og ta i bruk desse er ein kjerne i den faglege praksisen.

I Normprosjektet skriv elevane i alle fag. Lærarane vert oppmoda til å tenkje nøye gjennom kva ein kan gjere med skrift og kva ein kan oppnå gjennom skriving i dei ulike faga. Skriving er ei svært kompleks ferdigheit med eit breitt spekter av muligheiter, og ein skriv på ulike måtar for ulike formål. Framtidas skule må derfor førebu elevane på å gjere seg nytte av potensialet som ligg i skrivinga, som til dømes å bruke skrifta til å reflektere over eller utforske eit tema og slik utvikle kunnskap, til å beskrive noko for slik å organisere eller lagre kunnskap, eller bruke skriving til å overtyde og slik påverke ein mottakar.

image001

Kva slags skriving må skulen førebu elevane på?

Når skriving som grunnleggjande ferdigheit i så liten grad har blitt integrert i skulen etter Kunnskapsløftet, er det truleg ei medverkande årsak at skriveopplæringa og vurderinga verken har vore fagspesifikk eller tekstspesifikk nok. Lærarar må ha innsikt i at arbeid med innhald, tekstoppbygging og språkbruk i tekstane er sterkt styrt av fagleg kontekst, medan meistring av rettskriving, formverk og bruk av skriftmediet, derimot, er fagovergripande. Det er viktig at ein i framtidas skule knyter skrivinga til det som skjer i dei ulike faga, m.a. med bruk av relevante fagomgrep, teksttypar og fagspesifikke måtar å uttrykkje seg på. Her er det faglærarane som er ansvarlege spesialistar, samtidig som norsklærarane har eit eige ansvar for å utstyre elevane med meir generell tekst- og skrivekompetanse.

Kva seier resultata frå prosjektet?

Analysar av elevtekstar og lærarvurderingar viser at måten lærarane arbeider med skriving på i Normprosjektet, fungerer. Elevane vert tydeleg betre til å skrive i ulike fag og innanfor eit breitt spekter av skrivehandlingar i løpet av prosjektperioden. Den formålsretta skrivinga, kopla saman med nyanserte vurderingar og tilbakemeldingar frå lærarane, verkar positivt på skriveutviklinga til elevane.

Samstundes finn vi store individuelle kvalitetsskilnader i elevane si skriving. Variasjonane let seg ikkje forklare med modning, kjønn eller språkleg bakgrunn, men skuldast truleg at skriveopplærings- og vurderingsressursane er tatt i bruk på ulike måtar, noko som inneber at elevane i ulik grad greier å gjere seg nytte av dei. Ulike læringskulturar kan såleis forklare mykje av skilnadene.

Vidare ser det ut til at den grunnleggjande skriveopplæringa på småskuletrinnet fungerer godt, medan utviklinga flatar ut på mellomtrinnet. Førsteopplæringa fungerer altså i samsvar med krav i læreplanen, mens skriveopplæringa på mellomtrinnet, derimot, synest vere mindre reelvant. Denne bør såleis styrkast – og forankrast sterkare i dei ulike faga.

Analysar frå Normprosjektet viser også verdien av å arbeide aktivt med å utvikle kompetente skrivelærarmiljø på skulane, med utgangspunkt i ei felles forståing av skriving og vurdering. Det kan mellom anna dreie seg om tverrfagleg samarbeid om skriveoppgåver og tekstvurdering og om diskusjon av kvalitet på elevtekstar og aktuelle formative tilbakemeldingar. Slike arbeids- og tolkingsfellesskapar er gode arenaer for kompetanseutvikling.

Skriving som innsiktsstrategi

I framtidas skule vil det vere viktig å hjelpe elevane til å sjå relasjonar mellom ulike typar kunnskap, for slik å kunne bli aktive i eiga ”kunnskaping”. Skrift er eit svært viktig medium i denne samanhengen, gjerne saman med andre uttrykksmåtar som bilde, visuelle presentasjonar, modellar, grafar og liknande. Teori – og erfaring – tilseier at tanken vert til gjennom språket. Skriving er såleis ein reiskap for nytenking, for å gi uttrykk for idear, erfaringar og kjensler på nye måtar, og for å utvikle kreativitet og evne til innovasjon. Skulen må derfor stimulere elevane i endå større grad til å bli kunnskapande, med språk og skrift som dei viktigaste reiskapane. Det er behov for ein innsiktssskule.

Gode språklege ferdigheiter gir også grunnlag for å utvikle andre sentrale kompetansar i framtidas samfunn, som kunnskap om medborgarskap, kommunikasjon og samhandling – i tillegg til dei faglege kompetansane. Utan aktivt arbeid med å lære elevane til å handle gjennom skriving, vil det bli vanskeleg for store elevgrupper å få tilgang til desse framtidskompetansane.

De kan lese meir om arbeidet i Normprosjektet på http://norm.skrivesenteret.no/om-normprosjektet/.

Bildet er brukt med tillatelse fra forfatterne av innlegget.

One thought on “Skriving i framtidas skule

  1. Bedre elever med kunstfag i skolen.

    «Saaledes står en stor mengde av vort folk overfor kunsten. De har ikke den aller første elementære Kundskab, og ingen giver dem nogen Håndsrækning, ikke skolen for de unge, ikke livet for de voxne. (Alexander Kielland i Stavanger Avis, 9. februar 1889).

    Fellesnevneren for den debatten som går om Kunnskap i skolen er at denne primært ligger i de tradisjonelle «basisfagene», dvs. de som kan avledes av de gode gamle ferdighetene å lese, skrive og regne. Jeg vil overhode ikke bestride verdien av slik kunnskap, men i forlengelsen av Kiellands sukk fra 126 år siden hevde at ennå i vår teknologiske og multimediale tidsalder, blir kunnskap fortsatt definert for trangt. Et folk som ikke har elementære kunnskaper om kunsttradisjonene eller hvordan kunst skapes, erfares og oppleves blir et folk av kulturelle analfabeter. Til tross for Kunstløftet og Den kulturelle skolesekken viser undersøkelser (f.eks. Bamford 2012, Breivik og Christofferesen 2013, Birkelandsutvalget 2014) at norsk skole på mange måter fortsatt er kunstfremmed hva gjelder bevisstheten om kunstfagene som kunnskapsfag. Det er her Ludvigsenutvalgets uttrykte intensjoner for fremtidens skole om større vektlegging av helhetlige tema, mer enn fragmenterte deler, er løfterike. De av oss som er vant med utøving av kunstfagdidaktisk teori og praksis – jeg selv er dramapedagog – er opptatt av samspillet mellom divergent og konvergent tenkning; av samspillet mellom ulike læringsformer – praktisk utprøving, eksperimentering, lek og analyse; samspillet mellom det rasjonelle og emosjonelle, det estetiske og etiske, det praktiske og det teoretiske, og med en kritisk holdning til de ulike hierarkiene som fagene i dagens skole representerer. (Hierarkisering gjelder dessverre også kunstfagene, hvor to fag: kunst- og håndverk – og musikk – helt fra Normalplanen 1939, har fått tildelt et nærmest hegemonisk ansvar for å ivareta skolens estetiske opplæring).

    Når det nå skal tenkes nytt om fremtidens skole, er det viktig både å reise spørsmålet om hva kunstfagene kan bidra med til kunnskapsbygging i et moderne samfunn og spørsmålet om hva kjernen i disse fagene er. Da må det også reflekteres over hvorfor de er viktige som en del av kunnskapsbegrepets basis og om det nå kan være fornuftig å gi et ansvar også til kunst- og kunnskapsfag som dans, drama, mediefag og litteratur for at estetisk opplæring skjer på skoleverkets ulike trinn, og i lærerutdanningen. I grunnskolen i dag (og dermed også i barnehage- og grunnskolelærerutdanningen) er vi snart den situasjonen at mange av kunstfagene er blitt hvite flekker på skolens kulturkart. Dans og drama får ungdommen ikke faglig skolering i før de eventuelt tar et linjefag i videregående opplæring. Dette gir meget svak rekruttering til videre studier og yrkesveier i disse fagene!

    Det mangler faktisk ikke på forskning som viser at elever blir flinkere når de har møtt kunstfag i skolens undervisning – om man virkelig ønsker å lese denne forskningen. Et viktig forskningsbidrag fra mitt eget felt – dramapedagogikk og anvendt teater – er det såkalte DICE-prosjektet (Drama Improves Lisbon Key Competences in Education), se f.eks. http://www.forskning.no/artikler/2010/november/269574. DICE er et internasjonalt EU-støttet prosjekt (2008-2010). Det representerer et meget stort materiale: 4500 respondenter fra 12 ulike land. Det toårige prosjektet undersøker effekten av teater og drama i undervisning for fem av åtte ”Lisboa nøkkelkompetanser for livslang læring”: Morsmålskompetanse, lære å lære, sosial- og medborgerskapskompetanse, initiativ og entreprenørskap, kulturbevissthet og kulturuttrykk. Forskningsrapporten DICE kan lastes ned her: http://www.dramanetwork.eu. (Norge var representert i DICE gjennom dramaseksjonen ved Høgskolen i Bergen, som innenfor lærerutdanningen har et eget Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon).

    Som et apropos til aktualiteten for et nytt fokus på kunstfagenes potensialer i fremtidens skole, kan det være av interesse å kjenne til at det internasjonale forlaget Routledge i et oppslag på sine websider 23. februar 2015, nettopp stiller spørsmålet: Art in Education – is it important? Det vises til at BBC nylig har rapportert at «creativity and the arts are being ‘squeezed out of schools’» med en henvisning til en rapport fra Warwick University, hvor det hevdes at «there has been a significant decline in the amount of state schools offering arts subjects taught by specialist teachers». Routledges tilbud til leserne er titler på en rekke artikler som handler om betydningen av kunst og kreativitet i undervisning. Artiklene kan frem til 31. mars lastes gratis ned fra websiden deres: http://tandf.msgfocus.com/q/17FchvuikIRZdLYon0D4cz/wv

    Stig A. Eriksson
    Professor i dramapedagogikk, Høgskolen i Bergen